Langt ute i Herdlefjorden, mellom Holsnøy og Askøy, ligg den veglause øya Øpso.
På folkemunne har øya hatt mange navn; Ypsøy, Ypso, Øpsen og Ufsi er nokre av dei.
Ypsøy Kystgard vert drive økologisk i samspel med natur, kultur og hav.
Ypsøy Kystgard er ein stad med mykje aktivitet gjennom heile året. Garden er på øya Øpso, ein kort båttur frå fastlandet på Holsnøy. Den raude tråden i all aktivitet på garden handlar om å bry seg; om naturen, om folk og om fe.
Ypsøy Kystgard sidan 2002 vore lidenskapeleg oppteke av vedlikehald av kulturlandskap. I 19 år har garden praktisert tilbod til skuleelevar med behov for ein alternativ skuledag, med positive resultat og tilbakemeldingar.
Det er opparbeidd gode rutinar for HMS.
Ypsøy Kystgard ønskjer å bidra til ein god og stimulerande kvardag for eldre. Vi siktar mot eit lågt tempo og høg trivsel, ved å invitere mindre grupper til denne fredfulle øya.
Målet er at brukarane av tilbodet skal oppleve meistringskjensle, livskvalitet, inkludering og trivsel i ei positiv atmosfære. Vi ønskjer å dyrke brukarane sine interesser. Dei vil få ei unik moglegheit til å delta på ulike aktivitetar naturskjøne omgjevnader.
Oppstartstilbod: 300,- per dag (inkl. lunsj).
På garden driv familien Ypsøy økologisk drift med tradisjonell norsk sau, høner, fiske og foredling av frukt, bær og urter.
Ypsøy Kystgard er ei unik, fredelig og vakker øy for rekreasjon, avslapping og ulike friluftsaktivitetar på land og sjø.
I tillegg til tradisjonell gardsdrift, vert øya brukt som alternativ opplæringsarena for spesialundervisning og helgeavlastning for fleire kommunar i Vestland.
"Om alle hadde hatt ein plass som Ypsøy, ville det vore mindre krig i verda"
Torvald, 14 år
“Et drømmende, eksotisk, rolig og forfriskende miljø”
AIRBNB-gjest
“Øya sørger for eventyr og ro på en sømløs måte”
AIRBNB-gjest
© Copyright Ypsøy Kystgard. All Rights Reserved.